I eit land der demokratiet råder, er ytringsfridomen avgjerande. Alle skal ha rett til å sei kva dei meiner, uansett kjønn, alder og hudfarge. Etter at internett på 90-talet vart tilgjengeleg for ”folk flest”, har det vorte lettare å praktisera ytringsfridomen. Mens ein før måtte nøya seg med å sjå og høyra på at andre debatterte, kan no kven som helst involvera seg i debatten. Internett har altså opna døra til det perfekte demokrati der alle kan ytra seg og bli høyrt. Eller? Er det verkeleg rett å seia at kven som helst kan ytra seg gjennom internett? Og kven er eigentleg folk flest? Sant nok: for dei som faktisk har tilgang til internett, er det lettare å delta i politikken enn tidlegare. Men at dette er noko folk flest har moglegheit til, er langt ifrå sanninga. 91 prosent av trafikken på internett er det faktisk kun 19 prosent av verdsbefolkninga som står for. Så kva med dei 81 prosentane som verken har tilgang på pc eller internett? Er internett demokratisk for dei? Mange meiner at dei sosiale og økonomiske skilja veks med den digitale utviklinga. Det er ikkje til å koma utanom at internett er førebehaldt dei ”velståande”. Folk som verken kan lesa eller skriva kan vel sant å seie ikkje dra stor nytte av internett. Og ettersom dagens samfunn stadig vert knytt meir opp mot IKT både når det gjeld jobb, utdanning og handel, blir det stadig vanskelegare for dei som ikkje har tilgang på internett. Dei vert med andre ord liggjande etter på den globale marknaden.
Men det blir vel heller ikkje rett å seia at ein bør bremsa ned den digitale utviklinga for at alle skal ha ein sjanse til å henga med? Det er vel trass i alt betre at ein liten del av verdsbefolkninga ytra seg via internett enn at ingen får?
Men sjølv for dei som har tilgang og moglegheit til å bruka internett, er det ikkje berre ein dans på roser. Sjølv om dei har sjansen til å vera med på å fremja demokratiet, er det ikkje dermed sagt at alle gjer det. Snarare tvert i mot. Mange internettforbrukarar vert utsette for krenking, mobbing og trakassering. I motsetning til debattar i dei tradisjonelle media der ein redaktør eller programleiar sørgjer for at debatten går føre seg på ein sakeleg og skikkeleg måte, er det ingen tilsvarande portvakt på internett. Derfor har nettdebattar lett for å skli ut og verta usakelege, og ofte endar dei med uthenging av grupper og enkeltpersonar.

Internettforbrukarane består altså ikkje berre av sakelege og fornuftige menneske som ynskjer å fremja demokratiet. Sjølvsagt finst desse også, men det finst også dei som ynskjer det stikk motsette. Mange opplever å få både privat informasjon og bilete misbrukt, og når det først er spreidd på nettet, er det nærmast umogleg å få bort. Så kan me spørje oss sjølve: kor går grensa mellom ytringsfridom og uthenging? Kor langt skal det få lov til å gå før nokon grip inn, og kven og korleis skal ein kontrollera dette?
Om internett vil fremja demokratiet er eit vanskeleg spørsmål. Kanskje det er for tidleg å svara på? Kanskje internett vil enda opp som eit ukontrollerbart, elektronisk anarki? Eller det motsette? Per i dag kan ingen vera sikre på svaret – i mellomtida får me ta tida tid hjelp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar