tirsdag 2. juni 2009

Læring på nett - om blogg og wiki










Sidan trykkekunstens morgon har bøker vore det hovudsakelege læreverket i skulen – fram til i dag. På slutten av 90-talet førte datamaskinene og internett til ei revolusjonering av det norske skulesystemet. Likevel er bøker framleis ein stor del av skulen – kanskje er me ikkje flinke nok til å nytta oss av den nye teknologien? Me i 2MKA på Voss Husflidskule har tatt steget vidare – og no skal du få mitt synspunkt på korleis dette har gått:


Blogg

Ja visst er It’s learning både vel og bra; her får me levert, kommunisert og bli informert. Men blir det ikkje litt kjedeleg i lengda? Hadde det ikkje vore kjekkare med ein fargerik profil utforma etter eige ønske, der du har sjansen til å læra meir både om og av dine medelevar, samtidig som du får vist meir av dine eigne eigenskapar? Mitt svar er eit soleklart ja. På It’s learning får du ein karakter på eit kvitt ark og ein kommentar frå læraren. Med blogg kan du derimot legga arbeidet ditt inn etter kvart som du arbeider, og i tillegg få ris og ros av dine medelevar. Du får også tilgang til å sjå korleis og kva dei andre jobbar med – noko eg meiner er både interessant og lærerikt.

I tillegg er bloggen noko personleg; noko som er ditt – noko som er deg. Dine fargar, bilete og interesser. Du vel sjølv kor mykje du vil gjera ut av den og kor mykje du vil gi av deg sjølv. Ein ting som i alle fall er sikkert, er at det er tusen gonger meir interessant å gå inn på bloggane til medelevane dine enn å sjå på profilen deira på It’s learning. Du lærer om dei, og dei lærer om deg.


Wiki

I prosjektet med klassewikien har me så å seia lagt eit heilt kapittel av læreboka inn på veven. Eg synest dette er eit veldig godt alternativ til å sitta å bla seg halvt i hel i ei bok som flettar inn alt mogleg unødvendig vas. På wikien sorterer me ut det viktigaste og legg det inn i oversiktlege register. I tillegg gjer søkemotoren det svært lett å finna fram.

No tenkjer du kanskje at det er like lett å finna fram på Wikipedia og at å laga sin eigen klassewiki er bortkasta arbeid – men der tar du feil. Det er nemleg svært lite av det som står i læreboka som er å finna att på nettet. Mens Wikipedia har lagt vekt på éin del av mediehistoria, har kanskje læreboka lagt vekt på noko heilt anna. Når ein legg artiklar inn på klassewikien kan du derfor trekka ut det viktigaste frå begge kjelder og skapa ein artikkel som kanskje er endå meir lærerik for deg sjølv og andre – slik lærer du også å utøva kjeldekritikk.


Konklusjon

Som ein av ”prøvekaninane” av wiki og blogg er dette noko eg absolutt vil anbefala andre skular å gjera. Du vert plassert i ein heilt ny læringssituasjon som får fram kreativiteten i deg. Du lærer på ein heilt anna måte enn å sitta å bla i læreboka dag ut og dag inn. Eg meiner at det er viktig å henga med i utviklinga og prøva nye læringsmetodar – og eg er sikker på at dette fører til både betre læringsmiljø og motivasjon blant elevane.



Radioens mediehistorie























Den første radioen


Elektromagnetiske bølgjer

Den skotske matematikaren James Clerk Maxwell som tok det første steget mot den moderne radioen. Han klarte å rekna ut farten til elektronmagnetiske bølgjer og kunne i 1873 påvisa korleis dei forplantar seg gjennom lufta. Den tyske fysikaren Heinrich Rudolf Hertz var den første som bekrefta Maxwell sine teoriar. Mellom 1886 og 1888 utførte han ei rekkje eksperiment som beviste at all radiostråling har alle eigenskapane til bølgjer.



Oppfinnarane

På slutten av 1800-talet var det ei rekkje oppfinnarar og fysikarar som eksperimenterte med radiosignal, og det er derfor usemje om kven som var den eigentlege oppfinnaren av radioen. Den austerriske oppfinnaren Nikola Tesla heldt den første offentlege demonstrasjonen av radiokommunikasjon i 1893. Italienske Guglielmo Marconi var også tidleg ute, men hans første vellukka eksperiment fann stad først to år etter Tesla. Retten i USA avgjorde derfor at Tesla skal reknast som oppfinnaren av radioen.



Det nye massemediet


Trådlaust telegrafi

Den nye oppfinninga vart i første omgang sett på som ei trådlaus oppgradering av den eksisterande telegrafen og telefonen. Den viste seg også å vera ein nyttig reiskap til sjøs. Då Titanic forliste i 1912 vart 700 menneske redda på grunn av den nye teknologien.


Gjennomslaget

Julaftan 1906 vart den første radiosendinga i historia kringkasta av Reginald Fessenden. Programmet inneheldt diktlesing, musikkstykke og eit kort føredrag. Under første verdskrigen vart radioen kun nytta til krigsformål, men då krigen var over i 1919 slo radioen gjennom for fullt. Den første kringkastingsstasjonen var opna i USA i 1920; same året kom radioen kom til Noreg. I byrjinga måtte ein ha øyretelefonar for å høyra radio, men etter kvart som teknologien betra seg vart radioane baserte på radiorøyr og hadde høgtalarar. Det nye mediet utvikla seg dermed til å bli ein sosial aktivitet.



Radioen sin påverknad på andre medium


Før radioen kom til verda var telegrafien eit av dei viktigaste kommunikasjonsmedia. Ettersom radioen var ei vidareutvikling av telegrafen, vart denne teknologien naturlegvis sjeldnare og sjeldnare brukt. I dag er det så godt som ingen som nyttar telegrafi.


Avisene

I motsetnad til andre medium, var ikkje radioen i like stor grad avgrensa geografisk. Radioen sin bodskap nådde ut til alle i same augeblinken han vart send – og på denne måten kunne ein ved hjelp av radioen vende seg til heile nasjonen. Dette førte til at publikum opplevde seg som ein del av eit fellesskap, og ei ny form for felles nasjonal bevisstheit vart til både i Noreg og i mange andre land.

Trass i at radioen sin popularitet, hadde den ikkje nemneverdig innverknad på avisene. Sjølv om radioen slo svært godt an og ”folk flest” hadde radio i mellomkrigstida, heldt dei fram med å kjøpa aviser.



Video killed the radio star?


Fjernsynet kjem

I etterkrigstida nådde radioen sitt høgdepunkt. Talet på radiolisensar hadde ein auke på 213 000, og i 1960 passerte talet på kringkastingslisensar ein million. Dei norske sendingane nådde så godt som heile Noregs befolkning.

Dette endra seg betrakteleg då fjernsynet for fullt meldte sin ankomst på 1950-talet. Mens ein på radio måtte nøya seg med å høyra på nyheitssendingar, såpeseriar og liknande, kunne fjernsynet tilby levande bilete som viste det som gjekk føre seg. Men trass i den nye ”trusselen” var ikkje dette slutten for radioen. Tvert i mot vart radiosatsinga høgare enn nokon sinne. Musikken vart plutseleg mykje viktigare i radioen, og frå 1965 til 1977 auka budsjettet til radioen frå 14 millionar til 57 millionar.


Sekundærmediet

Trass i den positive utviklinga kunne ikkje radioen vinna over fjernsynet. Trass i at radioen tidlegare hadde vore familien sin samlingsplass i stova og barna sitt høgdepunkt om kveldane, måtte den vika plassen i stova for det nye mediet. I dei aller fleste heimar vart radioen flytta til kjøkkenet og vart eit sekundærmedium. Det vil sei at folk i staden for å høyra ”aktivt” på radio heller gjorde det mens dei heldt på med andre ting.



Radio i dag


Trass i den internett og fjernsynet si utrulege utvikling er radioen framleis eit populært medium. I Noreg eksisterer det framleis 116 riksdekkande og 240 lokale radiokanalar. Radioen har beheldt sin plass som eit sekundært medium; i dag er radio noko folk flest høyrer på mens dei til dømes køyrer bil eller arbeider.



Radio i framtida


Så å seie alle som diskuterer radioen si framtid er einige om at den må digitaliserast. Det vil sei at radioen blir ”lettare” å få tak i og signala vert betre. Sjølv er eg einig at digitalisering er naudsynt, men trur ikkje konkurransen frå internett og fjernsyn vil verta hardare. Sidan radioen har fungert så godt som sekundærmedium til no, trur eg gjerne det vil halda fram på denne måten. Svært mange av Noregs befolkning likar å høyra på radio mens dei driv med andre ting, fordi radio kun krev merksemd frå høyrsla. Derfor trur eg heller ikkje at verken fjernsynet eller internett er alvorlege truslar for radioen i framtida, ettersom desse er medium som i motsetnad til radioen krev full merksemd.



"Luftkraftlinja vil øydeleggja Hardanger"














45 meter høge stålmaster tvers gjennom eigedommen og ei utsikt øydelagt for all framtid. Slik kan livet til Olav Tveito bli dersom Statnett får vilja si.


30. mai i fjor gav Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) konsesjon for Statnett si 420 kV kraftlinje gjennom Hardanger. Saka vart raskt klaga inn til Olje- og energidepartementet, her saka framleis ligg under handsaming.

Ein av dei mange som blir direkte råka av den planlagde luftkraftlinja er Olav Tveito frå Granvin. Han bur på garden Tveito her linja vil vera synleg frå horisont til horisont. Olav er også ein av dei som får kraftlinja tvers gjennom eigedomen sin – utan at han har noko han skulle ha sagt. - Luftkraftlinja passar ikkje inn i Hardanger. Den er skjemmande både for oss som bur her og for turistar.


- Veldig feil at pengar skal få avgjera

Sjølv om Olav trur det er lite han kan gjera som har innverknad for om linja vert lagt i kabel eller ikkje, er han klar til å kjempa så lenge han kan. - Eg synest det er veldig feil at det er pengar som skal få avgjera om linja vert lagt i sjøen eller ikkje, seier han. - Dessutan er det i hovudsak olje- og energi som har bruk for krafta denne linja skal føra, så då burde dei støtta med kabel – dei har peng!

Trass i den store motstanden hardingane har vist og det faktum at alt er tilrettelagd for sjøkabel i Hardanger, fryktar Olav at det ikkje er nokon veg utanom luftkraftlinja. - Folk frå Statnett har allereie vore på Tveito og merka opp heile traseen – dei har også sett på riggplassar.

Olav ynskjer også meir støtte frå lokalpolitikarane. - Me får støtte frå nokon, men eg skulle gjerne sett Lars Sponheim meir på banen, seier han.

- Dersom dette hadde vore ti år fram i tid er eg sikker på at linja hadde vorte lagt i kabel, seier Olav. - Eg meiner både NVE og politikarane har engasjert seg for lite for kabling.


Stort engasjement blant ungdommen

Aldri før har Hardanger vore så samstemt i ei sak. Så å seie er heile regionen samla i kamp mot luftkraftlinja. Sindre Soldal frå Fyksesund i Øystese er ein av skaparane av ei motstandsgruppe på Facebook – ”Stopp Kraftlinja”. Gruppa har per i dag oppimot 2000 medlem der størsteparten av medlemmene er under 35 år.

- Støtta me har fått på Facebook er overveldande, smiler Sindre. - Eg er glad for engasjementet blant ungdommen.

Også Sindre er ein av dei som vil få kraftlinja rett over heimstaden sin. Men det er ikkje berre personlege grunnar som gjer han til motstandar av luftkraftlinja. Sindre meiner den vil øydeleggja hardangernaturen og få store konsekvensar for turismen.

- Staten skyt seg sjølv i foten. Det er først og fremst olje- og energiindustrien som får nytte av kraftlinja, seier Sindre. - Men når oljeeventyret er over er det turismen Noreg må leva av.

At vestnorsk fjordlandskap tårnar høgt på UNESCO si verdsarvliste er også eit viktig argument ifølgje Sindre. - UNESCO har sagt klart ifrå om at dersom desse monsterkraftlinjene vert realisert kjem me til å ramla av lista. Dette er altså ei sak som ikkje berre angår oss som bur her, men faktisk ei sak av internasjonal interesse, seier han. - Eg synest ikkje saka vert teken seriøst nok.


Gamaldags kraftlinjepolitikk

- Det me i hovudsak kjempar for er ein ny nasjonal kraftlinjepolitikk, fortel Sindre. - Noreg sin politikk når det gjeld kraftlinjer går tilbake til 60-, 70-talet og den har ikkje vore reformert ein einaste gong. I denne saka er det rett og slett manglande vilje til å sjå på nye alternativ. Alle er tent med ein ny kraftlinjepolitikk!

Enkelte hevdar at distriktet er storforlangande som krevjar sjøkabel. Dette er Sindre ikkje einig i – tvert i mot meiner han at den vil bli ei investering som også storsamfunnet etter kvart vil tena på.

- Ein lyt sjå på godene. Det går ikkje an å seia at distrikta forlangar for mykje, meiner Sindre. - Turismen i Hardanger dryp tilbake på storsamfunnet uansett – så på sikt vil sjøkabel vera det mest lønsame!