tirsdag 2. juni 2009

Læring på nett - om blogg og wiki










Sidan trykkekunstens morgon har bøker vore det hovudsakelege læreverket i skulen – fram til i dag. På slutten av 90-talet førte datamaskinene og internett til ei revolusjonering av det norske skulesystemet. Likevel er bøker framleis ein stor del av skulen – kanskje er me ikkje flinke nok til å nytta oss av den nye teknologien? Me i 2MKA på Voss Husflidskule har tatt steget vidare – og no skal du få mitt synspunkt på korleis dette har gått:


Blogg

Ja visst er It’s learning både vel og bra; her får me levert, kommunisert og bli informert. Men blir det ikkje litt kjedeleg i lengda? Hadde det ikkje vore kjekkare med ein fargerik profil utforma etter eige ønske, der du har sjansen til å læra meir både om og av dine medelevar, samtidig som du får vist meir av dine eigne eigenskapar? Mitt svar er eit soleklart ja. På It’s learning får du ein karakter på eit kvitt ark og ein kommentar frå læraren. Med blogg kan du derimot legga arbeidet ditt inn etter kvart som du arbeider, og i tillegg få ris og ros av dine medelevar. Du får også tilgang til å sjå korleis og kva dei andre jobbar med – noko eg meiner er både interessant og lærerikt.

I tillegg er bloggen noko personleg; noko som er ditt – noko som er deg. Dine fargar, bilete og interesser. Du vel sjølv kor mykje du vil gjera ut av den og kor mykje du vil gi av deg sjølv. Ein ting som i alle fall er sikkert, er at det er tusen gonger meir interessant å gå inn på bloggane til medelevane dine enn å sjå på profilen deira på It’s learning. Du lærer om dei, og dei lærer om deg.


Wiki

I prosjektet med klassewikien har me så å seia lagt eit heilt kapittel av læreboka inn på veven. Eg synest dette er eit veldig godt alternativ til å sitta å bla seg halvt i hel i ei bok som flettar inn alt mogleg unødvendig vas. På wikien sorterer me ut det viktigaste og legg det inn i oversiktlege register. I tillegg gjer søkemotoren det svært lett å finna fram.

No tenkjer du kanskje at det er like lett å finna fram på Wikipedia og at å laga sin eigen klassewiki er bortkasta arbeid – men der tar du feil. Det er nemleg svært lite av det som står i læreboka som er å finna att på nettet. Mens Wikipedia har lagt vekt på éin del av mediehistoria, har kanskje læreboka lagt vekt på noko heilt anna. Når ein legg artiklar inn på klassewikien kan du derfor trekka ut det viktigaste frå begge kjelder og skapa ein artikkel som kanskje er endå meir lærerik for deg sjølv og andre – slik lærer du også å utøva kjeldekritikk.


Konklusjon

Som ein av ”prøvekaninane” av wiki og blogg er dette noko eg absolutt vil anbefala andre skular å gjera. Du vert plassert i ein heilt ny læringssituasjon som får fram kreativiteten i deg. Du lærer på ein heilt anna måte enn å sitta å bla i læreboka dag ut og dag inn. Eg meiner at det er viktig å henga med i utviklinga og prøva nye læringsmetodar – og eg er sikker på at dette fører til både betre læringsmiljø og motivasjon blant elevane.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar