30. mai i fjor gav Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) konsesjon for Statnett si 420 kV kraftlinje gjennom Hardanger. Saka vart raskt klaga inn til Olje- og energidepartementet, her saka framleis ligg under handsaming.
Ein av dei mange som blir direkte råka av den planlagde luftkraftlinja er Olav Tveito frå Granvin. Han bur på garden Tveito her linja vil vera synleg frå horisont til horisont. Olav er også ein av dei som får kraftlinja tvers gjennom eigedomen sin – utan at han har noko han skulle ha sagt. - Luftkraftlinja passar ikkje inn i Hardanger. Den er skjemmande både for oss som bur her og for turistar.
- Veldig feil at pengar skal få avgjera
Sjølv om Olav trur det er lite han kan gjera som har innverknad for om linja vert lagt i kabel eller ikkje, er han klar til å kjempa så lenge han kan. - Eg synest det er veldig feil at det er pengar som skal få avgjera om linja vert lagt i sjøen eller ikkje, seier han. - Dessutan er det i hovudsak olje- og energi som har bruk for krafta denne linja skal føra, så då burde dei støtta med kabel – dei har peng!
Trass i den store motstanden hardingane har vist og det faktum at alt er tilrettelagd for sjøkabel i Hardanger, fryktar Olav at det ikkje er nokon veg utanom luftkraftlinja. - Folk frå Statnett har allereie vore på Tveito og merka opp heile traseen – dei har også sett på riggplassar.
Olav ynskjer også meir støtte frå lokalpolitikarane. - Me får støtte frå nokon, men eg skulle gjerne sett Lars Sponheim meir på banen, seier han.
- Dersom dette hadde vore ti år fram i tid er eg sikker på at linja hadde vorte lagt i kabel, seier Olav. - Eg meiner både NVE og politikarane har engasjert seg for lite for kabling.
Stort engasjement blant ungdommen
Aldri før har Hardanger vore så samstemt i ei sak. Så å seie er heile regionen samla i kamp mot luftkraftlinja. Sindre Soldal frå Fyksesund i Øystese er ein av skaparane av ei motstandsgruppe på Facebook – ”Stopp Kraftlinja”. Gruppa har per i dag oppimot 2000 medlem der størsteparten av medlemmene er under 35 år.
- Støtta me har fått på Facebook er overveldande, smiler Sindre. - Eg er glad for engasjementet blant ungdommen.
Også Sindre er ein av dei som vil få kraftlinja rett over heimstaden sin. Men det er ikkje berre personlege grunnar som gjer han til motstandar av luftkraftlinja. Sindre meiner den vil øydeleggja hardangernaturen og få store konsekvensar for turismen.
- Staten skyt seg sjølv i foten. Det er først og fremst olje- og energiindustrien som får nytte av kraftlinja, seier Sindre. - Men når oljeeventyret er over er det turismen Noreg må leva av.
At vestnorsk fjordlandskap tårnar høgt på UNESCO si verdsarvliste er også eit viktig argument ifølgje Sindre. - UNESCO har sagt klart ifrå om at dersom desse monsterkraftlinjene vert realisert kjem me til å ramla av lista. Dette er altså ei sak som ikkje berre angår oss som bur her, men faktisk ei sak av internasjonal interesse, seier han. - Eg synest ikkje saka vert teken seriøst nok.
Gamaldags kraftlinjepolitikk
- Det me i hovudsak kjempar for er ein ny nasjonal kraftlinjepolitikk, fortel Sindre. - Noreg sin politikk når det gjeld kraftlinjer går tilbake til 60-, 70-talet og den har ikkje vore reformert ein einaste gong. I denne saka er det rett og slett manglande vilje til å sjå på nye alternativ. Alle er tent med ein ny kraftlinjepolitikk!
Enkelte hevdar at distriktet er storforlangande som krevjar sjøkabel. Dette er Sindre ikkje einig i – tvert i mot meiner han at den vil bli ei investering som også storsamfunnet etter kvart vil tena på.
- Ein lyt sjå på godene. Det går ikkje an å seia at distrikta forlangar for mykje, meiner Sindre. - Turismen i Hardanger dryp tilbake på storsamfunnet uansett – så på sikt vil sjøkabel vera det mest lønsame!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar