tirsdag 2. juni 2009

Læring på nett - om blogg og wiki










Sidan trykkekunstens morgon har bøker vore det hovudsakelege læreverket i skulen – fram til i dag. På slutten av 90-talet førte datamaskinene og internett til ei revolusjonering av det norske skulesystemet. Likevel er bøker framleis ein stor del av skulen – kanskje er me ikkje flinke nok til å nytta oss av den nye teknologien? Me i 2MKA på Voss Husflidskule har tatt steget vidare – og no skal du få mitt synspunkt på korleis dette har gått:


Blogg

Ja visst er It’s learning både vel og bra; her får me levert, kommunisert og bli informert. Men blir det ikkje litt kjedeleg i lengda? Hadde det ikkje vore kjekkare med ein fargerik profil utforma etter eige ønske, der du har sjansen til å læra meir både om og av dine medelevar, samtidig som du får vist meir av dine eigne eigenskapar? Mitt svar er eit soleklart ja. På It’s learning får du ein karakter på eit kvitt ark og ein kommentar frå læraren. Med blogg kan du derimot legga arbeidet ditt inn etter kvart som du arbeider, og i tillegg få ris og ros av dine medelevar. Du får også tilgang til å sjå korleis og kva dei andre jobbar med – noko eg meiner er både interessant og lærerikt.

I tillegg er bloggen noko personleg; noko som er ditt – noko som er deg. Dine fargar, bilete og interesser. Du vel sjølv kor mykje du vil gjera ut av den og kor mykje du vil gi av deg sjølv. Ein ting som i alle fall er sikkert, er at det er tusen gonger meir interessant å gå inn på bloggane til medelevane dine enn å sjå på profilen deira på It’s learning. Du lærer om dei, og dei lærer om deg.


Wiki

I prosjektet med klassewikien har me så å seia lagt eit heilt kapittel av læreboka inn på veven. Eg synest dette er eit veldig godt alternativ til å sitta å bla seg halvt i hel i ei bok som flettar inn alt mogleg unødvendig vas. På wikien sorterer me ut det viktigaste og legg det inn i oversiktlege register. I tillegg gjer søkemotoren det svært lett å finna fram.

No tenkjer du kanskje at det er like lett å finna fram på Wikipedia og at å laga sin eigen klassewiki er bortkasta arbeid – men der tar du feil. Det er nemleg svært lite av det som står i læreboka som er å finna att på nettet. Mens Wikipedia har lagt vekt på éin del av mediehistoria, har kanskje læreboka lagt vekt på noko heilt anna. Når ein legg artiklar inn på klassewikien kan du derfor trekka ut det viktigaste frå begge kjelder og skapa ein artikkel som kanskje er endå meir lærerik for deg sjølv og andre – slik lærer du også å utøva kjeldekritikk.


Konklusjon

Som ein av ”prøvekaninane” av wiki og blogg er dette noko eg absolutt vil anbefala andre skular å gjera. Du vert plassert i ein heilt ny læringssituasjon som får fram kreativiteten i deg. Du lærer på ein heilt anna måte enn å sitta å bla i læreboka dag ut og dag inn. Eg meiner at det er viktig å henga med i utviklinga og prøva nye læringsmetodar – og eg er sikker på at dette fører til både betre læringsmiljø og motivasjon blant elevane.



Radioens mediehistorie























Den første radioen


Elektromagnetiske bølgjer

Den skotske matematikaren James Clerk Maxwell som tok det første steget mot den moderne radioen. Han klarte å rekna ut farten til elektronmagnetiske bølgjer og kunne i 1873 påvisa korleis dei forplantar seg gjennom lufta. Den tyske fysikaren Heinrich Rudolf Hertz var den første som bekrefta Maxwell sine teoriar. Mellom 1886 og 1888 utførte han ei rekkje eksperiment som beviste at all radiostråling har alle eigenskapane til bølgjer.



Oppfinnarane

På slutten av 1800-talet var det ei rekkje oppfinnarar og fysikarar som eksperimenterte med radiosignal, og det er derfor usemje om kven som var den eigentlege oppfinnaren av radioen. Den austerriske oppfinnaren Nikola Tesla heldt den første offentlege demonstrasjonen av radiokommunikasjon i 1893. Italienske Guglielmo Marconi var også tidleg ute, men hans første vellukka eksperiment fann stad først to år etter Tesla. Retten i USA avgjorde derfor at Tesla skal reknast som oppfinnaren av radioen.



Det nye massemediet


Trådlaust telegrafi

Den nye oppfinninga vart i første omgang sett på som ei trådlaus oppgradering av den eksisterande telegrafen og telefonen. Den viste seg også å vera ein nyttig reiskap til sjøs. Då Titanic forliste i 1912 vart 700 menneske redda på grunn av den nye teknologien.


Gjennomslaget

Julaftan 1906 vart den første radiosendinga i historia kringkasta av Reginald Fessenden. Programmet inneheldt diktlesing, musikkstykke og eit kort føredrag. Under første verdskrigen vart radioen kun nytta til krigsformål, men då krigen var over i 1919 slo radioen gjennom for fullt. Den første kringkastingsstasjonen var opna i USA i 1920; same året kom radioen kom til Noreg. I byrjinga måtte ein ha øyretelefonar for å høyra radio, men etter kvart som teknologien betra seg vart radioane baserte på radiorøyr og hadde høgtalarar. Det nye mediet utvikla seg dermed til å bli ein sosial aktivitet.



Radioen sin påverknad på andre medium


Før radioen kom til verda var telegrafien eit av dei viktigaste kommunikasjonsmedia. Ettersom radioen var ei vidareutvikling av telegrafen, vart denne teknologien naturlegvis sjeldnare og sjeldnare brukt. I dag er det så godt som ingen som nyttar telegrafi.


Avisene

I motsetnad til andre medium, var ikkje radioen i like stor grad avgrensa geografisk. Radioen sin bodskap nådde ut til alle i same augeblinken han vart send – og på denne måten kunne ein ved hjelp av radioen vende seg til heile nasjonen. Dette førte til at publikum opplevde seg som ein del av eit fellesskap, og ei ny form for felles nasjonal bevisstheit vart til både i Noreg og i mange andre land.

Trass i at radioen sin popularitet, hadde den ikkje nemneverdig innverknad på avisene. Sjølv om radioen slo svært godt an og ”folk flest” hadde radio i mellomkrigstida, heldt dei fram med å kjøpa aviser.



Video killed the radio star?


Fjernsynet kjem

I etterkrigstida nådde radioen sitt høgdepunkt. Talet på radiolisensar hadde ein auke på 213 000, og i 1960 passerte talet på kringkastingslisensar ein million. Dei norske sendingane nådde så godt som heile Noregs befolkning.

Dette endra seg betrakteleg då fjernsynet for fullt meldte sin ankomst på 1950-talet. Mens ein på radio måtte nøya seg med å høyra på nyheitssendingar, såpeseriar og liknande, kunne fjernsynet tilby levande bilete som viste det som gjekk føre seg. Men trass i den nye ”trusselen” var ikkje dette slutten for radioen. Tvert i mot vart radiosatsinga høgare enn nokon sinne. Musikken vart plutseleg mykje viktigare i radioen, og frå 1965 til 1977 auka budsjettet til radioen frå 14 millionar til 57 millionar.


Sekundærmediet

Trass i den positive utviklinga kunne ikkje radioen vinna over fjernsynet. Trass i at radioen tidlegare hadde vore familien sin samlingsplass i stova og barna sitt høgdepunkt om kveldane, måtte den vika plassen i stova for det nye mediet. I dei aller fleste heimar vart radioen flytta til kjøkkenet og vart eit sekundærmedium. Det vil sei at folk i staden for å høyra ”aktivt” på radio heller gjorde det mens dei heldt på med andre ting.



Radio i dag


Trass i den internett og fjernsynet si utrulege utvikling er radioen framleis eit populært medium. I Noreg eksisterer det framleis 116 riksdekkande og 240 lokale radiokanalar. Radioen har beheldt sin plass som eit sekundært medium; i dag er radio noko folk flest høyrer på mens dei til dømes køyrer bil eller arbeider.



Radio i framtida


Så å seie alle som diskuterer radioen si framtid er einige om at den må digitaliserast. Det vil sei at radioen blir ”lettare” å få tak i og signala vert betre. Sjølv er eg einig at digitalisering er naudsynt, men trur ikkje konkurransen frå internett og fjernsyn vil verta hardare. Sidan radioen har fungert så godt som sekundærmedium til no, trur eg gjerne det vil halda fram på denne måten. Svært mange av Noregs befolkning likar å høyra på radio mens dei driv med andre ting, fordi radio kun krev merksemd frå høyrsla. Derfor trur eg heller ikkje at verken fjernsynet eller internett er alvorlege truslar for radioen i framtida, ettersom desse er medium som i motsetnad til radioen krev full merksemd.



"Luftkraftlinja vil øydeleggja Hardanger"














45 meter høge stålmaster tvers gjennom eigedommen og ei utsikt øydelagt for all framtid. Slik kan livet til Olav Tveito bli dersom Statnett får vilja si.


30. mai i fjor gav Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) konsesjon for Statnett si 420 kV kraftlinje gjennom Hardanger. Saka vart raskt klaga inn til Olje- og energidepartementet, her saka framleis ligg under handsaming.

Ein av dei mange som blir direkte råka av den planlagde luftkraftlinja er Olav Tveito frå Granvin. Han bur på garden Tveito her linja vil vera synleg frå horisont til horisont. Olav er også ein av dei som får kraftlinja tvers gjennom eigedomen sin – utan at han har noko han skulle ha sagt. - Luftkraftlinja passar ikkje inn i Hardanger. Den er skjemmande både for oss som bur her og for turistar.


- Veldig feil at pengar skal få avgjera

Sjølv om Olav trur det er lite han kan gjera som har innverknad for om linja vert lagt i kabel eller ikkje, er han klar til å kjempa så lenge han kan. - Eg synest det er veldig feil at det er pengar som skal få avgjera om linja vert lagt i sjøen eller ikkje, seier han. - Dessutan er det i hovudsak olje- og energi som har bruk for krafta denne linja skal føra, så då burde dei støtta med kabel – dei har peng!

Trass i den store motstanden hardingane har vist og det faktum at alt er tilrettelagd for sjøkabel i Hardanger, fryktar Olav at det ikkje er nokon veg utanom luftkraftlinja. - Folk frå Statnett har allereie vore på Tveito og merka opp heile traseen – dei har også sett på riggplassar.

Olav ynskjer også meir støtte frå lokalpolitikarane. - Me får støtte frå nokon, men eg skulle gjerne sett Lars Sponheim meir på banen, seier han.

- Dersom dette hadde vore ti år fram i tid er eg sikker på at linja hadde vorte lagt i kabel, seier Olav. - Eg meiner både NVE og politikarane har engasjert seg for lite for kabling.


Stort engasjement blant ungdommen

Aldri før har Hardanger vore så samstemt i ei sak. Så å seie er heile regionen samla i kamp mot luftkraftlinja. Sindre Soldal frå Fyksesund i Øystese er ein av skaparane av ei motstandsgruppe på Facebook – ”Stopp Kraftlinja”. Gruppa har per i dag oppimot 2000 medlem der størsteparten av medlemmene er under 35 år.

- Støtta me har fått på Facebook er overveldande, smiler Sindre. - Eg er glad for engasjementet blant ungdommen.

Også Sindre er ein av dei som vil få kraftlinja rett over heimstaden sin. Men det er ikkje berre personlege grunnar som gjer han til motstandar av luftkraftlinja. Sindre meiner den vil øydeleggja hardangernaturen og få store konsekvensar for turismen.

- Staten skyt seg sjølv i foten. Det er først og fremst olje- og energiindustrien som får nytte av kraftlinja, seier Sindre. - Men når oljeeventyret er over er det turismen Noreg må leva av.

At vestnorsk fjordlandskap tårnar høgt på UNESCO si verdsarvliste er også eit viktig argument ifølgje Sindre. - UNESCO har sagt klart ifrå om at dersom desse monsterkraftlinjene vert realisert kjem me til å ramla av lista. Dette er altså ei sak som ikkje berre angår oss som bur her, men faktisk ei sak av internasjonal interesse, seier han. - Eg synest ikkje saka vert teken seriøst nok.


Gamaldags kraftlinjepolitikk

- Det me i hovudsak kjempar for er ein ny nasjonal kraftlinjepolitikk, fortel Sindre. - Noreg sin politikk når det gjeld kraftlinjer går tilbake til 60-, 70-talet og den har ikkje vore reformert ein einaste gong. I denne saka er det rett og slett manglande vilje til å sjå på nye alternativ. Alle er tent med ein ny kraftlinjepolitikk!

Enkelte hevdar at distriktet er storforlangande som krevjar sjøkabel. Dette er Sindre ikkje einig i – tvert i mot meiner han at den vil bli ei investering som også storsamfunnet etter kvart vil tena på.

- Ein lyt sjå på godene. Det går ikkje an å seia at distrikta forlangar for mykje, meiner Sindre. - Turismen i Hardanger dryp tilbake på storsamfunnet uansett – så på sikt vil sjøkabel vera det mest lønsame!


torsdag 19. mars 2009

Filmanalyse av "Braveheart"



William Wallace: Sons of Scotland! I am William Wallace!
Young soldier: William Wallace is 7 feet tall.
William Wallace: Yes, I’ve heard. Kills men by the hundreds,
and if he were here he’d consume the English with fireballs from his
eyes and lightning from his arse! I AM William Wallace. And I see a whole
army of my countrymen here in defiance of tyranny.
You’ve come to fight as free men, and free men you are.
What would you do without freedom? Will you fight?
Veteran soldier: Against that? No! We will run, and we will live.
William Wallace: Aye. Fight and you might die. Run, and you’ll live.
At least a while. And dying in your beds many years from now,
would you be willing to trade all the days from this
day to that for one chance, just one chance, to come
back here and tell our enemies that they may take our lives,
but they’ll never take OUR FREEDOM!


Forteljarstruktur og innhaldsanalyse av Braveheart


Braveheart, som personleg er ein av mine favorittfilmar, er oppbygd på ein enkel og oversiktleg måte der alt skjer i kronologisk rekkefølgje. Handlinga går føre seg dels i England og dels i Skottland, og er forma på denne måten:


Kamera fortel

Filmen opnar med at kamera tar oss med på ei ferd over eit dramatisk landskap med høge fjell, grøne dalar og spegelblanke innsjøar, med stemningsfull sekkepipemusikk i bakgrunnen. Deretter blir me tatt med ned i ein grøn skog der eit følgje kjem ridande. Me er i Skottland. Året er 1280 e.Kr.


Forteljar fortel

Mens følgjet rir forbi, får me høyra om korleis Skottland er i konflikt med England etter at kongen av Skottland døydde utan ein arving til å overta trona. Den engelske kongen, Edward the Longshanks, kravde den skotske trona for seg sjølv, noko dei Skottland sine adelsmennene ikkje fann seg i. Dei kjempa mot han, og kvarandre, over krona. Derfor inviterte Longshanks dei til å diskutera ei våpenkvile. Ein bonde i dette grevskapet var Malcolm Wallace – og slik byrjar historia om William Wallace.


Den unge William Wallace

Me følgjer det ridande følgjet inn i ein liten landsby, her møtet om våpenkvila skal haldast på ein låve. To andre som er på veg hit er Malcolm Wallace og eldstesonen John. Men når dei kjem fram møter dei eit grufullt syn: inne i låven finn dei alle medadelsmennene sine drepne. Og slik byrjar den første konflikten i Braveheart.

Etter denne hendinga vert bøndene opprørske, og bestemmer seg for å slå tilbake mot engelskmennene. Malcolm og John etterlet seg minstemann William på garden og sluttar seg til dei andre bøndene på jakt etter hemn. Men bøndene er for undertallige, og både faren og broren til William vert drepne i kampen. William er no aleine og vert derfor henta og tatt med til utlandet av onkelen. Han vender ikkje tilbake før mange år seinare.


Mange år seinare – under engelsk herredøme


På barbarisk vis har kong Edward av England no midlertidig overteke den skotske trona – men har problem med å herska over skottane og fedrelandet deira. For å bli kvitt ”problemet”, altså skottane, innfører han derfor Primae Noctis. Primae Noctis er ein gammal skikk som i dette tilfellet gjekk ut på at når ei skotsk jente gifta seg, skulle dei engelske adelsmennene ha seksuell rett over henne på bryllaupsnatta.

Samtidig som dette går føre seg i London, vender William Wallace tilbake til heimlandsbyen. Her møter han barndomsvenninna Murron, og etter kort tid giftar dei seg i hemmelegheit. Men dei er ikkje forsiktige nok. Ei gruppe engelske soldatar som tilfeldigvis er i landsbyen får mistanke om ekteskapet, og Murron blir forsøkt valdteken. Og det er no me får sjå den verkelege William Wallace. Rasande går han til angrep på soldatane, som svarar med å kutte strupa over på stakkars Murron. Gal av sorg og sinne slaktar William ned den eine soldaten etter den andre – og slik byrjar kampen mot det engelske overherredømet.



Krig


Kampen som eigentleg begynte som hemn over kvinna han elska, utviklar seg etter kvart til å bli ein heftig frigjeringskamp for fedrelandet. Bøndene frå nabolandsbyane sluttar seg til William, og etter kvart veks den vesle opprørske gruppa til ein hær av fridomstørstige skottar. Garnison etter garnison vert drepne og jaga heim av William og resten av opprørarane, og til slutt ser ikkje kong Edward anna råd enn å senda hæren sin til Skottland.

Og det er her, på slagmarka i Stirling, at William Wallace held det som etter mi meining må vera ein av dei beste talane i filmhistoria (sjå øvst). Han manar dei undertallige landsmennene sine til ein kamp som verkar håplaus. Men ved hjelp av William si utspekulerte krigføring og skottane sitt hat mot engelskmennene, sigrar William og mennene hans trass i at engelskmennene er tre gonger så mange som dei. Etter denne hendinga sluttar til og med dei skotske adelsmennene seg til William, og utnemner han til riddar.


Invasjon av England


Trass i at dei no har lykkast i å få engelskmennene ut av Skottland, har ikkje William planar om å gi seg enno. Dei rykker inn i England, angrip og sigrar over York. Og om ikkje før, så har William no verkeleg pådrege seg kong Edwards vreide. Kongen tilkallar forsterkingar frå Irland, Wales og Frankrike på same tid som han sender svigerdottera for å diskutera våpenkvile med William i York. Men når kronprinsessa får greie på at svigerfaren har lurt han, reiser ho rett tilbake til William og fortel om bedrageriet. Slik får William tid til å samla den skotske adelen i Edinburgh saman til krigsråd. Adelsmennene er først uvillige til å gå i krig mot den store hæren til kong Edward, men etter overtaling frå William lovar dei å gi sin fulle støtte.


Forræderi


I Falkirk brakar dei to hærane saman. Men midt i kampens hete forlet alle dei skotske adelsmenne slagmarka og bedreg dermed både William og fedrelandet. Skottane sit no fast i ei umogleg knipe, og har ikkje anna val enn å flykta. Berre William og ei lita gruppe skottar kjem seg frå slaget med livet i behald.

No er William og dei attverande mennene hans desperate etter hjelp for å kunna halda fram kampen for fridomen. Den skotske adelen lovar på nytt å samla seg bak William viss han berre er villig til å tilgi dei bedrageriet ved Falkirk. William er klar over faren for bakhald, men veit at han ikkje kjem nokon veg utan støtta til adelsmennene. Han tek sjansen og reiser for å møta dei i Edinburgh.



Formanalyse av Braveheart


Struktur


Braveheart er ein tradisjonell film frå ende til annan. Den følgjer så godt som Hollywood-modellen til punkt og prikke, med eit tydeleg anslag og ei typisk utvikling der helten møter på stadig større utfordringar. Det herskar ikkje tvil om kven helten er; det er sjølvsagt vår kjære William Wallace. Han er ein typisk heltefigur – stor og sterk, og tvers gjennom god. Skurken er openbart den omsynslause, brutale og egoistiske kong Edward the Longshanks.

Vidare er det også mange småkonfliktar i Braveheart som blir avslutta før hovudkonflikten verkeleg trappar opp. Til dømes det hemmelege forholdet mellom William og Murron, og det hemmelege forholdet mellom kronprinsen av England og kameraten hans. Men i motsetning til den tradisjonelle Hollywood-modellen, synest eg ikkje at Braveheart har eit veldig openbart point of no return. Etter mi meining er det fleire vendepunkt, til dømes når William drep den engelske garnisonen etter å ha mista Murron, men også etter at dei har sigra over den engelske hæren ved Stirling.

Eg vil også påstå at Braveheart har ein del eventyrtrekk. Me befinn oss i høgste grad i eit moralsk univers der Skottland er den gode sida og England er den vonde. Mangelen på fridom sender den gode helten vår på ”oppdrag”, og han møter skurkar, men også mange gode hjelparar undervegs, deriblant den engelske kronprinsessa.

Så når det kjem til sjanger, vil eg sei at Braveheart er ein samansett film. Det er heilt klart ein actionfilm – det skjer noko heile tida, og filmen er prega av mange og valdsame slag. Men ettersom filmen også har mange eventyrtrekk, er det kanskje rettast å sei at Braveheart hovudsakeleg tilhøyrer sjangeren actioneventyr. Men eg vil påstå at den kjem litt under drama også, då det hovudsakeleg er direkte tale som får historia fram. Det er heller ikkje til å koma unna at Braveheart er ein romantisk film. William og Murron er meint for kvarandre; det er openlyst frå første stund. At Murron døyr, er forferdeleg trist, men likevel synest eg der er ein rørande romantikk i måten William reagerer på. Så høgt elska han kona si, at han er villig til å ta livet av hundrevis av menn for å hemna drapet og utsletta den hovudsakelege grunnen til at ho blei drepen.


Epoke, stil og uttrykk

I Braveheart er ingenting overlate til tilfeldigheitane. Filmen er svært nøyaktig planlagt og gjennomført frå a til å både når det gjeld mise-en-scene, kinematografi, lyd og klipping. Når det kjem til epoke og uttrykk er det ingen tvil om at Braveheart tilhøyrer klassisk forteljande film. Til dømes ser ingen av skodespelarane rett inn i kamera, og filmen er full av parallellhandlingar.


Lyd og lys


Lyd og lys to element som aktivt er med på å skapa stemningar i Braveheart. Den vakre og særprega sekkepipemusikken er tilstades gjennom nesten heile filmen, og får verkeleg fram kjensler i meg. Eg føler meg nesten patriotisk på vegne av dei undertrykte skottane.

Lysbruken får også fram ei romantisk og eventyraktig stemning gjennom filmen. Ofte er lyset mjukt og dempa, og kombinert med musikken får det deg verkeleg i den rette stemninga.



Kvifor Braveheart

Braveheart er ein film som traff meg midt i hjartet, og eg synest nesten den berre blir betre og betre for kvar gong eg ser den. For det første er eg veldig glad i historie, og derfor er eg også glad i historiske filmar generelt. For det andre er filmar basert på sanne historiar definitivt dei eg likar best. Eg synest filmane med ein gong blir så mykje meir meiningsfulle når dei gjengir verkelege hendingar.

Det utrulige med Braveheart synest eg først og fremst er korleis dei får fram kjenslene i meg. Eg har ikkje tal på kor mange frysningar eg har fått av filmen. Det er som om du blir ein del av dei skottske bøndene, som om du er ein av dei – saman i kampen mot det engelske overherredømet.

Vidare er eg ein stor fan av Mel Gibson – eg synest han er ein fantastisk regissør og skodespelar, og han kler rolla som William Wallace perfekt. Korleis han har klart å gjengi ein så blodig historie på ein så vakker måte imponerer meg.

Men filmen er også litt komplisert. Ein må følgja godt med for å få med seg alle detaljar og for å forstå samanhengen i alt som skjer. Å analysera Braveheart syntest eg derfor var ein god anledning til å verkeleg gå gjennom filmen og få med alle små detaljar. Men hovudårsaka til at eg valde Braveheart er jo som sagt at det er ein fantastisk film, som eg vil anbefala alle til å sjå!










onsdag 4. mars 2009

Vil internett fremme demokratiet?

I eit land der demokratiet råder, er ytringsfridomen avgjerande. Alle skal ha rett til å sei kva dei meiner, uansett kjønn, alder og hudfarge. Etter at internett på 90-talet vart tilgjengeleg for ”folk flest”, har det vorte lettare å praktisera ytringsfridomen. Mens ein før måtte nøya seg med å sjå og høyra på at andre debatterte, kan no kven som helst involvera seg i debatten. Internett har altså opna døra til det perfekte demokrati der alle kan ytra seg og bli høyrt. Eller? Er det verkeleg rett å seia at kven som helst kan ytra seg gjennom internett? Og kven er eigentleg folk flest? Sant nok: for dei som faktisk har tilgang til internett, er det lettare å delta i politikken enn tidlegare. Men at dette er noko folk flest har moglegheit til, er langt ifrå sanninga. 91 prosent av trafikken på internett er det faktisk kun 19 prosent av verdsbefolkninga som står for. Så kva med dei 81 prosentane som verken har tilgang på pc eller internett? Er internett demokratisk for dei?
Mange meiner at dei sosiale og økonomiske skilja veks med den digitale utviklinga. Det er ikkje til å koma utanom at internett er førebehaldt dei ”velståande”. Folk som verken kan lesa eller skriva kan vel sant å seie ikkje dra stor nytte av internett. Og ettersom dagens samfunn stadig vert knytt meir opp mot IKT både når det gjeld jobb, utdanning og handel, blir det stadig vanskelegare for dei som ikkje har tilgang på internett. Dei vert med andre ord liggjande etter på den globale marknaden.

Men det blir vel heller ikkje rett å seia at ein bør bremsa ned den digitale utviklinga for at alle skal ha ein sjanse til å henga med? Det er vel trass i alt betre at ein liten del av verdsbefolkninga ytra seg via internett enn at ingen får?
Men sjølv for dei som har tilgang og moglegheit til å bruka internett, er det ikkje berre ein dans på roser. Sjølv om dei har sjansen til å vera med på å fremja demokratiet, er det ikkje dermed sagt at alle gjer det. Snarare tvert i mot. Mange internettforbrukarar vert utsette for krenking, mobbing og trakassering. I motsetning til debattar i dei tradisjonelle media der ein redaktør eller programleiar sørgjer for at debatten går føre seg på ein sakeleg og skikkeleg måte, er det ingen tilsvarande portvakt på internett. Derfor har nettdebattar lett for å skli ut og verta usakelege, og ofte endar dei med uthenging av grupper og enkeltpersonar.

Internettforbrukarane består altså ikkje berre av sakelege og fornuftige menneske som ynskjer å fremja demokratiet. Sjølvsagt finst desse også, men det finst også dei som ynskjer det stikk motsette. Mange opplever å få både privat informasjon og bilete misbrukt, og når det først er spreidd på nettet, er det nærmast umogleg å få bort. Så kan me spørje oss sjølve: kor går grensa mellom ytringsfridom og uthenging? Kor langt skal det få lov til å gå før nokon grip inn, og kven og korleis skal ein kontrollera dette?

Om internett vil fremja demokratiet er eit vanskeleg spørsmål. Kanskje det er for tidleg å svara på? Kanskje internett vil enda opp som eit ukontrollerbart, elektronisk anarki? Eller det motsette? Per i dag kan ingen vera sikre på svaret – i mellomtida får me ta tida tid hjelp.

tirsdag 17. februar 2009

Bloggskriving


Å komma i gang, må ve da eg e desidert dårligast i. Korleis skal eg begynna? Ka skriv ein fyst i ein blogg? Ette å ha såtte her i vårt uvanlig ryddige klasserom og stilt meg desse spørsmålene i øve 10 minutt no, har eg altso komme fram til detta: å skriva om korleis eg ikkje klara å skriva da fysta innlegget - og på den måten får eg altso skreve da fysta innlegget. Genialt, ikkje sant? :)